Vedtak
Sluttrapport for investeringsprosjektet Rørstadmarka gang- og sykkelveg takast til vitande med følgande punkt:
- Sula formannskap vil ha framlagt mandatet til byggenemnda for å sjå om dette er i tråd med slik vi ønsker å organisere framtidige prosjekt.
- I den grad det er uklart i høve kven som skal rapportere til kommunestyret ved evt sprekk i kostnadsrammer eller andre avvik, så bør vi presisere det i mandatet slik at ein unngår at dette skjer igjen.
Behandling
Kjell Petter Dyb (FrP) informere om at han har vore grunneigar i dette området. I forkant av møtet har han vore i kontakt med formannskapssekretær som har vurdert at han er habil til å ta del i behandlinga av saka då dette er ein sluttrapport der det ikkje skal bli fatta vedtak.
Dyb gjekk frå. FrP hadde ingen møtande vara.
6 røysteføre.
Eit samrøystes formannskap kjente Dyb habil. Han kom til att.
7 røysteføre.
Kommunedirektør orienterte om rapporten og læringspunkt. Formannskapet stilte fleire spørsmål.
Turid Humlen (H):
Nytt punkt 1: Sula formannskap vil ha framlagt mandatet til byggenemnda for å sjå om dette er i tråd med slik vi ønsker å organisere framtidige prosjekt. Det går m.a. på å sjå om mandata vi har nytta er tydelege nok med omsyn til ansvar og roller.
Kommunedirektør kommenterte at her er eit læringspunkt i forhold til at budsjettet for gang- og sykkelveg ikkje var godt nok gjennomarbeidd. Prosjektet med gang- og sykkelveg skulle også vore betre forankra på politisk nivå i forkant av arbeidet.
I den grad det er uklart kven som skal rapportere til kommunestyret ved evt sprekk i kostnadsrammer eller andre avvik, så bør vi presisere det i mandatet slik at ein unngår dette skjer igjen.
Ordførar: dette kan bli tilleggspunkt 2.
Innstillinga med tilleggspunkt 1 og 2 vart samrøystes tilrådd.